Varhaug skule treng ny administrasjonskonsulent
Frå 1.5.2023 treng me ein allsidig person til ei fast 86 - 100% stilling som administrasjonskonsulent, som legg vekt på gode relasjonar, er løysingsorientert og har gode leiareigenskapar. Variasjonen i arbeidsoppgåvene er store, og ein må vera klar for raske skifter i det ein arbeider med.
Arbeidsoppgåvene i dag er blant anna å arkivera digitalt, styra posten, rekneskap, fakturera, skyss i skulen, innkjøp, ta telefonen, hjelpa elevar som treng trøyst eller plaster, hjelpa med digitale utfordringar og samarbeid på alle nivå. Arbeidsinstruksen kan tilpassast.
Me gler oss til at nettopp du skal verta ein del av vår positive gjeng, der me alle arbeider etter visjonen “Me løfter kvarandre!”
Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din.
Politiattest
Gyldig politiattest nyere enn tre månedar må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysinga, og dei til enkvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månedar og regler for flyttegodtgjersle.
23/272
Fast
Deltid
Dag
12.02.2023
01.05.2023
Varhaug
tlf: 41532693
Eikevegen 1 4360 Varhaug