Hå kommune Vigrestad storskule

Kontaktlærar

På Vigrestad storskule er det ledig eit 100 % vikariat, med moglegheit for fast, som kontaktlærar på mellomtrinnet frå 1.8.2024. Du har gjerne faga norsk, engelsk, samfunn og musikk.

Me jobbar med å utvikla eit endå tryggare skulemiljø og med å tilpassa og variera undervisninga. Me vil gjerne ha deg med på laget. Som tydeleg og omsorgsfull klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule vidare.

Vigrestad storskule er ein 5.-10. trinn skule. Det er omlag 270 elevar og 50 tilsette ved skulen. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa.

Kvalifikasjonar
- Du er kvalifisert til å jobba på 5. - 10. trinn
- Du har gjerne 30 studiepoeng i norsk og engelsk
- Utdanning i, eller erfaring med spesialundervisning er ein fordel

Personleg eignetheit og relevant erfaring kan kompensera for manglande kvalifikasjonar.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Del på:

Referansenr:

24/3829

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.07.2024

Tiltredelse:

01.08.2024

Arbeidssted:

Vigrestad

Kontaktpersoner:

Adresse:

Langgata 91 4362 Vigrestad