Er du interessert i helgejobb som kafévert i kulturkafeen på Hå gamle prestegard?
Vi søkjer ny kafévert i 15 % stilling, med arbeidstid annakvar helg, samt moglegheit for ekstravakter.
Kaféen ligg i i hovudhuset på ein gammal prestebustad ute ved sjøen på Jæren. Anlegget er i dag verna og hovudhuset, kor kaféen ligg, er frå 1787, og er omkransa av driftsbygningar, eit gammalt jærhus og ein flott hage. I kaféen serverast heimelaga mat basert på lokale råvarer. Inne har ein god utsikt til havet, og det er i dag heimekoseleg innreia med moderne kunst, tradisjonelle jærstolar og leikerom til dei minste. Kaféen tek imot store og små grupper etter avtale, og har hovudsakeleg ope på dagtid. I tillegg til vanleg kafédrift, er kaféen nytta til arrangement og utstillingar. Kaféen har mange besøkande, spesielt i helgene og me søkjer difor deg som trivst i eit høgt tempo, er blid, serviceorientert, effektiv, punktleg og ryddig. Det er òg viktig at du kan samarbeida med og arbeidsfordela med medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
• Førebu mat for sal
• Sal og servering av mat
• Rydding og oppvask
• Sørge for at gjestene får ei fin oppleving
• Tett samarbeid med gode kollegaer
• Opne og stenge kafeen etter faste rutinar for reinhald og sikring
• Sørge for å halde kaféen presentabel, ryddig og innbydande både ute og inne
• Småpraktiske oppgåver i kafé og kjøkken som anna reinhaldsoppgåver, vanne blomar ++
Me ønskjer deg som
• har utdanning, erfaring eller interesse for å jobbe på kafé
• ser god mat, servering, service og kultur som ein naturleg heilskap
• er utåtvend og imøtekomande og trivst i smådrøs med andre folk
• er serviceinnstilt
• trivst når det er mykje å gjere
• er interessert i lokale og sunne råvarer
• er fleksibel og ønskjer å arbeide ekstra ved behov og kan arbeide meir i ferier, som vikar og i sommarsesong
• er nøyaktig og følger reglement for god mattryggleik
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
25/2581
Fast
Deltid
Varierende arbeidstid
21.05.2025
01.08.2025
Nærbø
Håvegen 347 4365 Nærbø