Innbyggarservice i Hå kommune har ledig eit vikariat som innbyggarveileder og innhaldsprodusent.
Du må lika folk, du er langt framme i skoen når det gjeld digital skaping, og du har lyst til å gjera kommunen vår endå betre for dei som bur her.
Me ser etter deg som trivst med å hjelpa andre, som har god arbeidskapasitet og som kan kombinera teknisk forståing med god formidlingsevne.
Vikariatet er 90 prosent stilling fram til 1. mars 2026 - (med moglegheit for forlenging i 50 prosent). Oppstart så snart som råd. Innbyggarservice held til i Hå rådhus, Varhaug.
Kva du skal gjera:
• Møta innbyggarar på ein god måte.
• Gjera informasjon forståeleg og tilgjengeleg på nettsider og i sosiale medier.
• Vedlikehalda og vidareutvikla innhaldet på kommunen si nettside og intranett.
• Sikra at nettinnhaldet er oppdatert, brukarvennleg og universelt utforma.
• Bidra til at Hå blir ein endå meir open og driftig servicekommune.
Kven du er:
• Du har relevant utdanning, helst på bachelor-nivå innan kommunikasjon, webdesign, medieproduksjon eller liknande.
• Du har god teknisk forståing og erfaring med publiseringssystem (CMS).
• Du har gjerne kjennskap til universell utforming.
• Du har erfaring med bilde- og videoredigering.
• Du har forståing for personvern og trygg handsaming av data på nett.
• Du er strukturert, sjølvstendig og får ting gjort.
• Du har gjerne erfaring frå servicetorg, teknisk sektor eller offentleg forvalting.
• Du er god til å formidla på norsk – både munnleg og skriftleg.
• Du likar å hjelpa – og du gjer det med eit smil.
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor du vil jobba her:
Du får vera med på å gjera ein forskjell - kvar dag.
Du får kollegaer som bryr seg, og ein arbeidsplass midt i hjarta av kommunen.
Her får du vera med og forma korleis innbyggarservicen i Hå skal utvikla seg framover.
Løn etter avtale.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Vikariat
Deltid
Dag
30.09.2025
Varhaug
Rådhusgata 8 4360 Varhaug