Hå kommune Bø skule

Kontaktlærar 5. trinn

Bø skule søker ein engasjert kontaktlærar på 5.trinn i 100 % vikariat, frå og med 05.01.26 og ut skuleåret.
Bø skule er ein barneskule med 439 elevar og om lag 100 tilsette, inkludert ATO-avdleinga. Me har kjekke elevar og eit triveleg arbeidsmiljø. Utviklingsområda dette året er lesing i alle fag, samt arbeid med inkluderande undervisning. Me arbeider også med å lage gode team, både for personalet og for elevane. Les meir informasjon om skulen på Bø skule - Hå kommune.

Kvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning
- god IKT-kompetanse
- gode kommunikasjonsevner, du må beherske norsk skriftlig og muntlig
- bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- ha stor arbeidskapasitet

Arbeidsoppgåver
- kontaktlærar
- sørge for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- planlegge og leie elevane si læring
- bidra til eit godt samarbeid med føresette
- delta og bidra i eit lærande fellesskap på skulen

Personlige eigenskapar
Me ønskjer at du er god på relasjonar og er ein tydelig klasseleiar. Du kan jobbe sjølvstendig samtidig som du evner å samarbeide med kollegaer og føresette. Vidare ønskjer me at du er løysingsorientert, engasjert og har godt humør.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Del på:

Jobbtype:

Vikariat

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.10.2025

Tiltredelse:

05.01.2026

Arbeidssted:

Nærbø

Kontaktpersoner:

Adresse:

Vålandsvegen 4 4365 Nærbø