ATO, Bø skule, har ledig eit 100 % vikariat som miljøterapeut. Tiltreding snarast.
ATO (alternativ tilpassa opplæring) held til i særs gode og tilpassa lokal, og er ein del av Bø skule. Vi har elevar frå heile kommunen, frå 1.-10.trinn. Dette skuleåret har vi 17 elevar og 22 tilsette. Laget består av fleire yrkesgrupper: pedagogar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, sjukepleiat og fagarbeiderar. Som tilsett på ATO blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt fellesskap. Les meir informasjon om skulen på Bø skule - Hå kommune.
Arbeidsoppgåver
Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø i skule og SFO.
Ansvar som primærkontakt for enkeltelevar.
Arbeid med elevar individuelt og i grupper, setje mål og sikre god gjennomføring.
Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
Universitets- eller høgskuleutdanning innan sosial- og/eller helsefag som gjer at behovet til elevane blir ivaretatt, fortrinnsvis vernepleiar.
God IKT-kompetanse.
Erfaring med ASK og opplæring for elevar med rett på spesialundervisning.
Gode kommunikasjonsevner, du må beherske norsk skriftleg og muntleg.
Personlege eigenskapar
Du ønskjer å arbeide med barn og er flink til å omgås andre menneske.
Du er ansvarsfull, ein tydeleg vaksen og innbyr til tillit.
Du tar intiativ og tar aktivt tak i dei oppgåvene som skal gjerast.
Du tar imot rettleiing og råd med ein positiv innstilling, og er ikkje redd for å spør om hjelp.
At du er personleg eigna blir lagt vekt på.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Vikariat
Heltid
Dag
02.10.2025
Nærbø
Vålandsvegen 4 4365 Nærbø