Hå kommune

Vikariat leiar – BPA og dagtilbod for innbyggjarar med funksjonsnedsettingar

Leiar

I enhet for funksjonshemma har me ledig vikariat i 100 % stilling som leiar for kommunen sine BPA – ordningar og for dagtilbodet Aktiviteten. Vikariatet gjeld i perioden 01.01.26 – 01.01.27.
Det er per i dag 18 BPA – ordningar i kommunen. Etter kvart vil innbyggjarane kunna velga om dei ynskjer ordninga si organisert kommunalt, eller av private tilbydarar.

Aktiviteten er eit dagtilbod for innbyggjarar med funksjonsnedsettingar. Aktiviteten går gjennom ein del endringar for å sikra at tilbodet vert retta mot innbyggjarar med funksjonsnedsettingar som bur heime.
Andre ansvarsområder kan bli lagt til stillinga.

Enhet for funksjonshemma er ei verksemd med tenester til heimebuande, heildøgns omsorg og institusjon i form av avlastningsbustad og barneboligar. I åra framover vil me utvikla og endra fleire av våre tenester. Leiar BPA og dagtilbod for innbyggjarar med funksjonsnedsettingar er del i verksemda si leiargruppe og er sentral i utforminga av tenestene og leiinga av dette arbeidet.

Me ynskjer oss ein leiar som liker å ha mange ballar i lufta, ser heilskapleg på tenestetilbodet og som kan nytta ressursane på ein god måte. Du må lika omstilling og endring, då det vil prega jobbkvardagen.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i vernepleie.
  • Relevant erfaring.
  • Vidareutdanning i leiarfag eller andre relevante vidareutdanningar.
  • God kjennskap og erfaring med utredning, saksbehandling og klagesaksbehandling.
  • God kjennskap til tenester til heimebuande innbyggjarar med funksjonsnedsetting.
  • God kjennskap til lovverk.
  • God kjennskap til, og erfaring med, kartlegging og saksbehandling.
  • Gode IKT – kunnskapar.
  • God skriftleg framstillingsevne.
  • God kjennskap til aktivitetstilbod, BPA og avlastningstenester.

Arbeidsoppgåver

  • Leia tenesteområdet.
  • Vidareutvikla tenesta og vera aktiv i utviklingsprosessar.
  • Dagleg drift av tenestene - personal-, fag- og økonomiansvar.
  • Delta i leiargruppa for verksemda og i fagteam.
  • BPA – saksbehandling, rekruttering, oppfylging av arbeidsleiarar, legga til rette og fylgja opp dei ulike ordningane, sikra lønnsutbetalingar, godkjenning av turnusar og oppfylging av sjukefråvær.
  • Aktiviteten – saksbehandling og daglig drift av tenesta. Omstilling og endringsarbeid.
  • Dialog og oppfylging av Inn på tunet – avtale.
  • Kommunens kontaktperson i samarbeidet med HeltMed.

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde i stor grad ved tilsetting.
  • Genuin interesse for målgruppa.
  • Trygg, pragmatisk og tydeleg som leiar.
  • Relasjonsbyggar og god på samarbeid.
  • Sjølvstendig som leiar.
  • Evner å sjå heilskapleg på leiaroppgåva.
  • Innovativ – ser løysingar når rammene vert stramare.
  • Gode kommunikasjonsevner i møte med brukarar, pårørande, tilsette og andre samarbeidspartar.
  • Inspirerande og motiverande.

Me tilbyr

  • ei samansett leiarstilling
  • ei stilling der du får vera med å utforma nye tenester og utvikla eksisterande tenester
  • ei utfordrande og spanende leiarstilling

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

Del på:

Referansenr:

2025/5343

Jobbtype:

Vikariat

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.11.2025

Arbeidssted:

Nærbø

Kontaktpersoner:

Hjemmeside:

http://www.ha.no

Adresse:

Lyngvegen 14 4365 Nærbø