Hå kommune

Nattevakt

Er du glad i å jobbe natt og ønskjer å bli ein del av eit engasjert fagmiljø? Hybelhuset ved Klokkertunet søkjer no nye medarbeidarar til nattstillingar.
I samband med utarbeiding av ny årsplan har vi ledige stillingar, grunna tilsette som er i ferie eller permisjon.

Om stillingane
Vi har 3 vikariater i nattstilling, med stillingsprosent frå 30–70 %, i perioden frå og med 16.02.2026 til og med 14.02.2027.
Alle stillingane inneber arbeid i helg.

Arbeidstid:

  • 19.30–02.00
  • 21.45–07.15
  • 19.30–07.30

Om Hybelhuset
Hybelhuset er eit døgnbemanna butilbod. Vi er opptekne av å møte menneske med respekt, sjå moglegheiter og ha fokus på ressursar framfor avgrensingar. Vi er nytenkjande, fleksible og tek utfordringar på strak arm.

Hovudmålsetjinga vår er å leggje til rette for ein meiningsfull kvardag, tilpassa den enkelte sine føresetnader. Arbeidet består av oppfølging av bebuarar i eigen bustad.

Arbeidet er recoveryorientert, der bebuaren sine eigne mål og det som opplevast meiningsfullt for den enkelte, er utgangspunktet for oppfølging og rehabilitering. Oppfølginga skjer gjennom samtalar, daglege gjeremål og ulike aktivitetar.

Personalgruppa er tverrfagleg samansett.

Kvalifikasjonar

  • Éi av stillingane krev autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
  • To av stillingane krev autorisert helsefagarbeidar
  • Erfaring innan psykisk helsearbeid er ønskjeleg
  • God forståing for recovery-tenking, kjennskap til MTM-rammeverket er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • Er engasjert og robust
  • Er fleksibel og endringsvillig
  • Har ei positiv og løysingsorientert haldning
  • Kommuniserer tydeleg og godt
  • Jobbar sjølvstendig og strukturert
  • Samarbeider godt med ulike aktørar
  • Er ein god kollega
  • Er aktiv og oppsøkjande i tenesteutøvinga
  • Kan jobbe sjølvstendig ut frå teamet sine målsetjingar
  • Kan setje grenser for deg sjølv i hjelparrolla

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innan psykisk helse og rus
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

Del på:

Referansenr:

2026/299

Jobbtype:

Vikariat

Heltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt
Skift / turnus / arbeidstidsordning

Søknadsfrist:

02.02.2026

Arbeidssted:

Varhaug

Kontaktpersoner:

Hjemmeside:

http://www.ha.no

Adresse:

Klokkartunet 4360 Varhaug