Hå kommune Vigrestad skule

Intervju vil bli gjennomført fortløpande

Ringevikar

Vigrestad skule søker ringevikarar som assistent, fagarbeider eller miljøterapeut i skule og SFO.
Arbeidstida er mellom 07.00 og 16.00.

Vigrestad skule skule har i overkant 200 elever, fordelt på 1.-4. klasse. Me har om lag 30 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Meir informasjon om skulen på www.ha.no/vigrestad-skule.

Vi søker deg som er:
- robust
- trygg, varm og tydeleg i møte med elevane
- engasjert og deltakande i elevane si sosiale- og emosjonelle utvikling
- god til å samarbeida

Kvalifikasjoner:
- gode språkferdigheiter i norsk
- personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt

Arbeidsoppgåver:
- Bidra til at elevane får eit trygt og godt læringsmiljø på skule og SFO
- Følga opp enkeltelevar og støtte dei gjennom dagen i SFO

Attestar og vitnemål:
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest:
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår:
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Del på:

Referansenr:

2026/1340

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.04.2026

Arbeidssted:

Vigrestad

Kontaktpersoner:

Adresse:

Nymannsvegen 2 4362 Vigrestad