Hå kommune Høyland skule

Blir du med på laget?

Lærar

Høyland skule søkjer lærar i 100 % fast stilling frå 1.august hausten 2025.

Høyland skule ligg på Høyland langs fylkesveg 44 nordvest for Nærbø sentrum og har frå hausten 82 elevar i ordinære klassar. Personalet består av 15 tilsette. Det er ein 1-7 skule. Høyland skule er ein god skule å gå på. Skulen har eit godt sosialt miljø med tydelege vaksne og elevar som veit kva som vert forventa av dei. Visjonen vår er: Høyland skule - trivsel og læring. Våre satsingsområde dette skuleåret er munnlege ferdigheiter og motivasjon.

Kvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning, Ynskjeleg med matematikk,engelsk eller norsk
- god IKT-kompetanse
- gode kommunikasjonsevner; du må beherske norsk skriftleg og munnleg
- du må vere løysningsorientert og bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver
- sørgje for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- planlegge og leie elevane si læring
- analysere og følgje opp elevane sin progresjon
- bidra til eit godt samarbeid med føresette
- delta og bidra i eit lærande fellesskap på skulen
- samarbeide med andre faginstansar

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du er god på relasjonar og er ein tydeleg klasseleiar. Du må kunne jobbe sjølvstendig, samtidig som du må kunne samarbeide med kollegaer og føresette.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Del på:

Referansenr:

25/2712

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.06.2025

Tiltredelse:

01.08.2025

Arbeidssted:

Nærbø

Kontaktpersoner:

Adresse:

Jærvegen 18 4365 Nærbø